Klassikaren: Thomas Mann
Kva er det med Thomas Manns roman Buddenbrooks. En families forfall som har fascinert millionar av lesarar i generasjonar? Foredrag av Wolfgang Hottner om Thomas Manns klassikar.

Då Buddenbrooks kom ut i 1901, vekte romanen stor oppsikt på grunn av likskapen til Thomas Manns eiga familiehistorie. I romanen følgjer vi familien Buddenbrooks gjennom fire generasjonar, frå kjøpmenn til kunstnarar, med særskilt vekt på den unge Thomas Buddenbrooks og konflikten hans med farens borgarlege verdiar og moras kunstnarlege temperament.
I år er det 150 år sidan den tyske forfattaren og Nobelprisvinnaren Thomas Mann blei fødd. Dette markere vi med eit foredrag av litteraturhistorikar, kritikar og førsteamanuensis i litteraturvitskap ved UiB Wolfgang Hottner. Kva er det med denne familiesagaen om ambisjonar, kjærleik og forfall som har fascinert millionar av lesarar i generasjonar – og som var ei av årsakene til at Thomas Mann blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 1929?
Samtalen blir på tysk, med simultantolking til norsk.
Foto: Carl van Vechten via Wikimedia Commons