page view image

Litterær samtale med Bergsveinn Birgisson

Med Bergsveinn Birgisson og Erlend O. Nødtvedt

Informasjon
event image

Ein kulturvitar kjem heim til Island etter eit lengre studieopphald i utlandet. Med seg har han si engelske kone, dottera, og ei stadig sterkare kjensle av at moderne tankegods har køyrt det karrige øylandet i grøfta. På arbeidskontoret er det berre sarkasmar og medlidande blikk å hente, men kulturvitaren får seg etter kvart jobb som manusforfattar for Islands Bondelag, som skal lage ein opplysningsfilm om den fabelaktige islandske kua, og trusselen frå importert Norsk raudt fe (NRF). Gradvis går det opp for den ambisiøse kulturvitaren at kua sin status speglar menneskekulturen gjennom alle tider. Kua er sjølve nøkkelen til ei ny forståing av menneska og kulturutviklinga! 

Møt den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson (f. 1971) i samtale med forfattar Erlend O. Nødtvedt om Birgissons aktuelle roman på norsk, omsett av Margunn Rauset, Handbok om mentaliteten til kyr. Boka som har undertittel «Ein lærdomsroman», kom første gong ut på Island i 2009 og er skriven rett i forkant av den økonomiske kollapsen i 2008.

Birgisson har tidlegare gitt ut tre romanar på forlaget Pelikanen. For Svar på brev frå Helga (2012) blei han nominert til Nordisk råds litteraturpris, medan Soga om vêret (2014) blei nominert til Den islandske litteraturprisen. I 2016 kom Soga om Geirmund Heljarskinn som er ein nyskriven saga. 


Arrangør: Litteraturhuset i Bergen i samarbeid med Pelikanen