page view image

Klassikaren: Dante og Purgatoriet

Informasjon
event image

Den guddommelege komedie av Dante Alighieri er eit tidlaust diktverk som etter 700 år stadig får nye lesarar – og omsetjingar. I 2017 kom Erik Ringens nyomsetjing av Inferno og i 2022 av Purgatoriet. Komedien skildrar Dantes reise gjennom Inferno, Purgatoriet og Paradis. 

I Skiringsheimen (Purgatoriet) har Dante lagt Helvete bak seg, og med Vergil som vegvisar byrjar han å klive opp Purgatorie-fjellet. Vandringa går opp dei ulike skråningane der sjelene soner tidsavgrensa straff for ulike synder; hovmod, misunning, vreide, dovenskap, grådigheit, fråtsing og begjær. Denne vandringa blir lutrande for diktaren Dante og gjer han klar for Paradiset.

Kva har vore dei store utfordringane med å omsetje Dante? Og kva posisjon og påverknad har Den guddommelege komedie for lesarar og forfattarar i dag? Møt omsetjar Erik Ringen, XX og YY i samtale om ein av verdslitteraturens aller største klassikarar.

110/60,– (stud./honnør).


    

    


    


                                   
    


                                   
    
                                   
    
    
                                   
                                       

    


                                   

    

    

litteratur